TRANSISTOR

Transistor Norsk rock

Møt medlemmane i Transistor

Terje Espe -  Sang og perkusjon

Terje byrja si musikalske ferd i Hornindal, Nordfjord midt på sekstitallet; den gang som trommeslagar. Han reiste til England for ein smak av "The Swinging London" i 1968. Etter eit år måtte han tilbake til moderlandet, og han har sidan spelt og turnert med ei lang rekke kjende artistar i Noreg.  Terje skriv tekstane til låtane og er medprodusent på CD'ane. 

I tillegg til livet som musikar har han vore lyd/lysteknikar og sjåførlærar. Les meir om Terje på Facebook

Erling Solem - Elektriske og akustiske gitarer og mandolin

Erling har vore ein del av Surnadals musikkliv sidan 80-tallet, og har opp gjennom åra gitt ut ei rekke CDar. Han skriv dei aller fleste melodiane til bandet og er med som produsent på CD'ane.

Ved sidan av livet som musikar er han gardbrukar.

Du kan finne han på Facebook også.  Du kan og ta ein kikk på http://www.erlingsolem.com/

Terje Craig - Bassgitar, akustisk gitar og sang

Terje har vore ein aktiv del av det Trønderske musikkliv sidan tidlig på 80-tallet. På den siste plata bidro han også som arrangør av vokalharmoniane og som produsent.

Han har spelt med ei rekke kjende navn, produsert konsertar, festivalar og jobber som ingeniør ved sidan av.

Han finnes på Facebook og hans eiga nettside finn du her. Der får han utfolde seg på sitt eige målføre....

"Sláinte Mhath"

Donald Bruset - Gitar og sang

Donald kjem frå alpinbygda Oppdal, og byrja det knallharde rocke-livet i 1967. Etter å ha flytta til Trondheim tidleg på 70-tallet har han vore aktiv i musikklivet i Trondheim.

Dei seinaste åra har han spelt i Johan Sæther Band og Hot Shots.

 

"It's only rock'n'roll, but I like it"

Vegard Enge - Trommer

Vegard kjem frå Hemne, og han har spelt heavy rock og metal i fleire år med lokale band. Ein stille og roleg kar som har gitt Transistor eit kledelig tyngre uttrykk.

Tidlegare medlemmar i Transistor

Erik Vatne

Bilde kjem

Bandets opprinnelige trommis

Frode Rønningsbakk

Bilde kjem

Bandet opprinnelige bassist er ein opptatt mann med musikkstudier og band. Han finnes både på Myspace og Facebook.

Øyvind Wagnild - Trommer

Øyvind er ein ung og lovande trommeslager fra Soknedal i Sør-Trøndelag, og han erstatta Erik Vatne sommaren 2008 og fram til desember 2008. No bruker han tida si på Gauldalsbandet og travhestar. Han finnast og på Facebook.