Her finn du svar på nokre av spørsmåla vi ofte får:
Korleis bokar eg bandet til å spele på mitt arrangement?
Du kontaktar Mr Craig på 91 83 00 83 og ber om å få Transistor til å kome og spele. Du kan også sende ein e-post til bandet til craig(at)craigtones.com - du må sette inn @ i staden for (at).
Korleis er ein typisk Transistor-konsert?
Det er ikkje lett å gi eit godt svar på det. Bandet er svært gode til å føle stemninga blandt dei som er tilstades, og i lag med publikum blir ein konsert forma. Felles for alle konsertane er god stemning, masse humør og allsang.
Kva slags songar speler Transistor?
Dei speler stort sett eigne songar, men dei har med nokre songar fra andre kjende norske artistar som gjer at publikum får noko dei kjenner frå før. Songane til Transistor er fengande, dansbare og allsangvenlege og slår godt an hos publikum.
Kva sjanger kan vi plassere Transistor i?
Transistor blandar i hop inspirasjon frå 70-talls tungrock, folk-rock av både nyare og eldre årgang og folketonar fra både sidar av Nordsjøen. Det er Trønder-rock med sang på Nordfjorddialekt. Vi kan vel kalle stilen tung-folk-rock?
Du kan høyre inspirasjonen frå band som Dr Feelgood, Kiss, Prudence, Wishbone Ash, Status Quo, Jokke & Valentinerne for å nevne nokre.
Speler dei ønskelåter?
Musikarane i Transistor har tonnevis med erfaring fra ulike andre band, og dei kan mange av songane som har vært populære dei siste 50-åra. Dei vil freiste å spele det publikum ønsker.